Denne veka har me hatt besøk av Bømlo Folkehøgskule. Ei gruppe på Torsdag og ei ny gruppe på Fredag. Torsdags gjengen var litt heldigare med vêret kan ein trygt sei.
For på fredagen var det alle årstider med regn og hagl!
Dei fekk veldig god undervisning av nokon av våre fantastiske, frivillige i klubben.
Først slo dei på rangen, så fekk dei chippe og putte. Etter det gjekk dei nokre hol på bana, før dei fekk varme seg litt i minigolfen. Kjekke ungdomar som lærte utrulig fort. Dei var kjempe fornøyde med dagen. Tusen takk til alle som stilte opp (på ganske kort varsel) og hjalp til på dette
Comments