Årsmøteprotokoll
- Feb 27
- 1 min read

Vedlagt finn de årsmøteprotokollen frå årsmøtet 19. februar. Takk til alle som møtte, engasjementet og dei gode innspela betyr mykje for utviklinga av klubben.
Eit av dei viktigaste vedtaka i årsmøtet var godkjenninga av planane om å byggje nytt treningsfelt med ei heilt ny chippegreen. Dette blir ei stor, men svært viktig investering for klubben, og me er verkeleg glade for at medlemmane støttar prosjektet.
Arbeidet vil etter planen starte så snart som mogleg, og målet er at det skal stå klart i god tid før sommaren.
Det nye treningsområdet vil gi både nye og etablerte spelarar eit mykje betre område for kortspel, teknikktrening og felles aktivitet. Den vil styrke både juniorarbeidet, elitetreninga og det sosiale miljøet rundt klubbhuset, og ikkje minst gjere banen og klubben endå meir attraktiv for både medlemmar og gjester.
Årsmøtet vedtok òg å gi styret fullmakt til å setje eit medlemstak dersom det skulle bli nødvendig. Dette handlar om å sikre at me framleis kan tilby god kapasitet, høg kvalitet og trygge forhold, både på banen og treningsområda.
Dersom ein slik grense må innførast, vil me sjølvsagt informere alle medlemmar i god tid.
Me gler oss stort til å setje i gong bygginga av det nye treningsfeltet. Dette prosjektet blir eit viktig løft for heile klubben, og noko medlemmane vil ha glede av i mange år framover!




Comments